Digitalt-liv-forskar vil bli Instagram-påverkar

Marta Eide i digitalt-liv-prosjektet dCod 1.0 ved Universitetet i Bergen går nye vegar for å formidle forskinga si til fleire enn dei som arbeider innan akademia. På Instagram-kontoen @marta_forskar deler ho teikningar om miljøforureining, bioteknologi og livet som forskar. Ho ønsker å syne at forsking ikkje berre er for dei spesielt interesserte, men at det påverkar samfunnet og kvardagen til folk. Ho håpar å bli eit friskt tillegg til etablerte påverkarar innan trening, kosthald og mote.

Marta har fått støtte frå Senter for digitalt liv Norge til formidlingsprosjektet. I samband med Forskingsdagane 16.–27. september håpar ho fleire får auga opp for Instagram-kontoen. 


Publisert: 16. Sep 2020 - kl. 12:50
Sist oppdatert: 16. Sep 2020 - kl. 13:03