Data allereie klare for presentasjon - Vann pris for poster

PhD student Libe Aranguren vann pris for beste poster. Foto: Liebe Aranguren.

I september reiste dCod-medlemmer frå Bergen til to ulike konferansar i Barcelona, Spania. Her fekk dei innsikt i den nyaste forskningen, og moglegheit til å møte gamle og nye bekjentskaper. Spesielt hyggeleg var det at stipendiat Libe Aranguren vann pris for posteren sin om presisjonskutta leverskiver frå torsk.

Gruppa frå Bergen med dCod partnarar frå Barcelona. Frå venstre: Cinta Porte, Elisabet Perez-Albaladejo, Denise Fernandes, Marta Eide, Anne Goksøyr, Odd André Karlsen, Anders Goksøyr, and Maria Blanco Rubio.

Foto: Anders Goksøyr

Fyrst ut var 30th New European Society for Comparative Physiology and Biochemistry Congress (ESCPB 2016) 4.-7. september. Her samla europeiske forskarar seg for å presentere nye funn og diskutere erfaringar. Mange av innlegga og posterane omhandla nettopp marine organismar og toksikologiske effektar, og framhevar viktigheten av dCod-prosjektet i eit større perspektiv. Spesielt hyggeleg var det at stipendiat Libe Aranguren vann pris for posteren sin om presisjonskutta leverskiver frå torsk. Me gratulerer! Marta Eide og Odd André Karlsen hadde plattformpresentasjonar der dei presenterte kartlegginga av det kjemiske defensomet til torsk og resultat frå ei eksponeringsstudie for PCB153 (del av iCod 2.0). Høvet vart også nytta til eit gledeleg gjensyn med våre spanske samarbeidspartnarar ved CSIC: Cinta Porte, Maria Blanco Rubio, Denise Fernandes, and Elisabet Perez-Albaladejo.

Representantar frå dCod 1.0 på ISCB2016. Frå venstre: Fekadu Yadetie, Guttorm Alendal, Shirin Fallahi, and Håvard Frøysa. Foto: Guttorm Alendal

Veka etter var 17th International Conference on Systems Biology 16.-20. september. Forskarar frå heile verda presenterte sine arbeid innan det nye og spanande feltet systembiologi. Her vart dCod-prosjektet representert av Fekadu Yadetie, bioinformatikaren Fatemeh Ghavidel og matematikarane Guttorm Alendal, Shirin Fallahi og Håvard Frøysa. Rune Kleppe frå Senter for Digitalt Liv Norge deltok også. Fekadu Yadetie presenterte poster med resultat frå transkriptomikk, proteomikk og lipidmålingar i torsk eksponert PCB153.

Representantar frå nettverksprosjektet i Senter for Digitalt Liv Norge var og til stades på ISCB2016 Frå venstre: Rune Kleppe (DLN), Fatemeh Zamanzad Ghavidel, Guttorm Alendal, Shirin Fallahi, and Håvard Frøysa.

Foto: Guttorm Alendal

Forfatter

Anders Goksøyr

E-post: Anders.Goksoyr@uib.no
Tlf: +47 970 70 994

Profil

Tilknyttet prosjekt
Tema
Konferanse / Workshop

Publisert: 14. Mar 2017 - kl. 09:29
Sist oppdatert: 10. Apr 2017 - kl. 11:02