Frukostforedrag 25. oktober: Ein digital laks

«Om tjue år er det neppe lov å gjere dyreforsøk utan at hypotesane på førehand er prøvde ut i datamodellar.» (Forskar Jon Olav Vik)

Tid & sted: Onsdag 25. oktober 08:30-09:30, Håndverker'n Oslo

Arrangør: Bioteknologirådet - Påmelding

Det jobbast nå med å lage datamodellar av fleire levande organismar. Målet er å kunne vite korleis organismane reagerer på ei endring, før ein testar den på organismen.

«Den digitale laksen» er ei ny storsatsing som har til mål å finne ut kva som hender når laksen et ulike typar fôr. Forskarane vil bygge ei samling digitale modellar av livsprosessane i oppdrettslaksen. Ved hjelp av reknestykke og dataprogram etterliknar dei stoffskiftet, slik at dei kan studere korleis laksen bryt ned fôret og omdannar det til fiskekjøtt og avfallsstoff.

Slike datamodellar skal ikkje berre gi nye og berekraftige typar fôr, men òg begrense bruken av levande dyr i forsøk.

Informasjon om arrangementet

  • Tidspunkt:
    25. Oct 2017
  • Sted:
    Håndverker'n, Oslo
  • Arrangement:
Tilknyttet prosjekt

Kontaktpersoner

Jon Olav Vik

jonovik@gmail.com
+47 67 23 27 25

Profil